d&b

Del det du har, bruk det du får

Eg sit for tida og funderer på å skrive eit blogginnlegg om korleis ein kan drive effektiv studieteknikk i ein digital skulekvardag, og vil vere takksam for gode innspel og refleksjonar rundt dette temaet.

Den ”gamle studieteknikken” som ofte var knytt opp til å arbeide ”fysisk” med læreboktekstar, skrive notat, streke under nøkkelord, skrive i margen etc., har ikkje same relevansen lenger, slik eg ser det. Då elevane ikkje eig skulebøkene lenger, vert dei i praksis hindra i nytte desse strategiane. Dei digitale læremidla som no ligg føre er ofte kortfatta (t.d. NDLA), slik at tekstane allereie er ferdig ”destillerte” ned. Mange læremiddel har dessutan ferdige stikkordslister for lærestoffet, t.d. mange av LOKUS sine læreboksider. Mange av elevane ser då ikkje relevansen i å gjennomføre arbeidsoppgåver som gir liknande resultat.

Eg veit at det finst Web 2.0-verkty som let ein markere tekst og sette inn notatar (t.d. a.nnotate og Diigo), men er det nokon som har praktiske erfaringar med desse verkty på klassenivå? Liknande ting går an å gjere med Scrapbook i Firefox, men då berre på individuelt nivå? Sjølv har eg prøvd ut digitale tankekart og tidslinjer som studieteknisk verkemiddel, men desse teknikkane kan ikkje brukast til alt.

Med tanke på at mange av elevane mine i mange år framover kjem til å måtte arbeide med både fysiske og digitale tekstar, då som studentar, føler eg at gode strategiar rundt studieteknikk burde vere eit viktig satsingsområde.

Innspel og refleksjonar vert som sagt mottekne med takk!

Del Twitter

Svar på dette

Notater

Andre oppgave: Deling av bokmerker

Laget av Guttorm Hveem 13 apr 2009 at 22.29. Sist oppdatert av Guttorm Hveem apr. 13, 2009.

Brukervennlige grupper

Laget av Svend Andreas Horgen 2 mar 2009 at 18.30. Sist oppdatert av Svend Andreas Horgen mar. 2, 2009.

Ferdig invitasjon til andre

Laget av Guttorm Hveem 13 feb 2009 at 14.57. Sist oppdatert av Guttorm Hveem mai. 27, 2009.

Første oppgave - utfordring

Laget av Guttorm Hveem 17 mar 2009 at 21.36. Sist oppdatert av Guttorm Hveem mar. 17, 2009.

Masterstudium i pedagogikk

Laget av Ingunn Kjøl Wiig 23 okt 2009 at 23.16. Sist oppdatert av Ingunn Kjøl Wiig okt. 23, 2009.

Nettverkets kjøreregler

Laget av Ingunn Kjøl Wiig 15 feb 2009 at 0.21. Sist oppdatert av Ingunn Kjøl Wiig mai. 13, 2009.

Praktisk informasjon om d&b

Laget av Ingunn Kjøl Wiig 2 feb 2009 at 13.06. Sist oppdatert av Ingunn Kjøl Wiig aug. 4, 2009.

© 2010   Laget av Ingunn Kjøl Wiig på Ning.   Opprett et Ning-nettverk!

Skilt  |  Melde om et problem  |  Personvern  |  Tjenestevilkår

Logg på for å chatte